![]() | ||
15.01.2009 BOK OM SIGVART Den kritikarroste forfattaren og leiar ved Skrivekunstakademiet, Olaug Nilssen, skriv portrettbok om artisten og årets Prøysenpris-vinnar, Sigvart Dagsland på Samlaget. Ho vil ha fokus på den bestseljande musikaren Dagsland med stor fanskare over heile Norge, og den kristne, autoritetsfornektande Dagsland. - Sigvart Dagsland er ein musikar på 45 år. Han har gitt ut 15 plater og halde ei mengde konsertar. Han fortener likevel ikkje nokon biografi på eit så tidleg tidspunkt i livet sitt. Det han derimot fortener, er eit knippe forteljingar om kven han er, kva han trur på og kva han står for, seier Nilssen, sjølv gammal Sigvart-fan. Boka kjem etter planen ut i oktober 2009. |
||
| |
||